Direkte i NRK: Verdsrekorden i bokdomino godkjent!

Ketil Bjørnstad i samtale med Jan Kløvstad ombord på Søgne, - om den nye boka Verden som var min - Sekstitallet. Foto Guttorm Eskild Nilsen.

Ketil Bjørnstad i samtale med Jan Kløvstad ombord på Søgne, – om den nye boka Verden som var min – Sekstitallet. Foto Guttorm Eskild Nilsen.

Det var spenning i lufta da Atle Goutbeek, Solveig Røvik og NRKs Dan Børge Akerø åpna konvolutten frå Guinnes som fortel at Tvedestrand har verdsrekord i bokdomino, med Atle Goutbeek som den offisielle verdsrekordinnehavar med 6535 bøker.

På direktesendt sommarbåtprogram i NRK i kveld blei godkjenninga lesne opp. Det var også demonstrasjon av dominoen med ein miniversjon på noen hundre bøker på brygga, og Hans Olav Lahlum fekk æra av å dytte dominoen i gang. Første boka var skriven av Ketil Bjørnstad, og både Bjørnstad og Lahlum var med både ombord på Søgne og NRKs sommarbåt.

Bokbyens Jan Kløvstad var kjentmann ombord på sommarbåten frå Grimstad til Tvedestrand og han og programleiarane Jeanette Platou og Dan Børge Akerø heiv ut flaskepost frå bokbyen undervegs. Ombord på den gamle lokalbåten Søgne var det bokhandel for Bokbyen Forlag, og forfattarane Per Meidel, Knut Frognes, Boel Marcussen Gramstad, Øyvind Sommerbåt LahlumThorsen, Øivind Berg, Paul Madsen, Guttorm Eskild Nilsen, Åsta Jelmert og gjesteforfattarane Ketil Bjørnstad og Hans Olav Lahlum fortalte om bøkene saman med forlagssjef Solveig Røvik.

Hans Olav Lahlum hadde dobbeltforedrag om britiske statsministere før og etter 1945, og Ketil Bjørnstad og Jan Kløvstad hadde samtale om Verden som var min – sekstitallet, den første av i alt seks bøker, ei for kvart tiår frå 1960-talet til nå. Boka kjem i handelen 12. august.

 

7. august var det aller meste av Reiseradioens program via Tvedestrand og særleg bokbyen, mens musikaren Odd Nordstoga nytta høvet til å kome i Bokbanken og sikre seg Knut Frognes si bok om Fyrbøteren på “Jo”. Ei kvinne frå Drammen valte å avbestille postordrekjøp i ExLibris Antikvariat, fordi det såg så hyggeleg ut i Tvedetsrand på fjernsyn at ho heller ville ta turen hit for å hente bøkene og sjå byen samtidig. Takk, NRK og alle vi fekk gleda av å samarbeide med.

Jarmo Røvik, Anette Pedersen og Harald Alsvik set opp mini-bokdomino ved NRKs sommarbåt.

Jarmo Røvik, Anette Pedersen og Harald Alsvik set opp mini-bokdomino ved NRKs sommarbåt.

Per Meidel fortel om Eventyret om ulkene

Per Meidel fortel om Eventyret om ulkene

Sommerbåt Madsen

Søk i artikler



''En bokby er fantasi satt ut i praksis. La meg kalle antikvariatene og bokstedene for bokbyens gledeshus: Gleden over bøker, gleden i bøker, gleden av bøker. Når vi åpner dem, åpner de oss. Og som en bokby blir Tvedestrand større enn seg selv.''

Lars Saabye Christensen, åpningstale i Bokbyen ved Skagerrak, 28. juni 2003.

.