Skraper i glansbildet av de mange som drog til Amerika?

28. september: Magnus Larsen – kjent som boksaren Magnus “Wolf” Larsen – var født i Austre Moland i 1901, mens familien var på reise. Dei var taterar. Han vaks opp på to gardar, i Gjerdrum og Brunlanes, sett bort av foreldra. Etter konfirmasjonen drog han til sjøs og kom til New York som 19-åring, utstyrt med kjempekrefter og boksetalent.

 

Thor Gotaas og Roger Kvarsvik har skrive boka  Magnus “Wolf” Larsen- sjømann og bokser. Larsen var utfordrar til å bokse om verdsmeistertittelen i tungvekt, men han hamna også i slagsmål utanfor bokseringen. Lørdag 28. september kl 1830 fortel Thor Gotaas om Magnus Larsen på Bokhotellet Lyngørporten, om det store talentet, om oppvekst, livet som sjømann, om å vere ung i Amerika, profesjonell i New York, omflakkande år opg nedturane som kjøkkenhjelp og lasaron. Det var ikkje alle som lyktest “over there”. Det meste som blir skrive i Norge, kanskje særleg i lokale bygdebøker, er dei stolte historiene om slekta som drog og som har gjort det så godt. Bokbyen og bokhotellet inviterer til ein kveld med fascinerande historie, og også samtalar om norsk utvandrarhistorie bør skrivast meir nyansert. Dei to forfattarane Gotaas og Kvarsvik har også skrive den store boka om Ørkenen Sur, ein norsk uteliggarkoloni i Brooklyn i 1920- og 1930-åra, ei bok det nå også blir laga film utfrå.

Etter foredraget deltar Thor Gotaas deltar i ein samtale med lokale årboksredaktørar om utfordringa i å skrive om dei som drog, om å skrive om den andre verdskrigen lokalt  – og andre spørsmål som dukkar opp i salen. Knut Engelskjøn, årsboksredaktør i Austre Moland historielag og viktig debattant på nasjonal tplan om krigen, krigsoppgjeret og barna til dei som var på nazistane si side, åpnar zsamtalen.

Middag i restaurant Sliperiet frå kl 1630 – kr 245,- for torettars middag.  Inngangsbillett kr 150,- inkl kaffi/te.

 

Ta gjerne også middagen på bokhotellet, ring 37 19 80 00 og bestill bord! Middagsservering fra kl 1630.

 

 

Søk i artikler



''En bokby er fantasi satt ut i praksis. La meg kalle antikvariatene og bokstedene for bokbyens gledeshus: Gleden over bøker, gleden i bøker, gleden av bøker. Når vi åpner dem, åpner de oss. Og som en bokby blir Tvedestrand større enn seg selv.''

Lars Saabye Christensen, åpningstale i Bokbyen ved Skagerrak, 28. juni 2003.

.