Suksess for Skottland – hva nå?

I Locus Antikvariat. Antikvarbokhandlar og Vagabondredaktør   Helge Baardseth til høgre. FRå venstre James Robertson, Liz Niven, Jean Urquhart, Kirsten Kverndal, Grete Hassel Pedersen.

I Locus Antikvariat. Antikvarbokhandlar og Vagabondredaktør Helge Baardseth til høgre. Frå venstre James Robertson, Liz Niven, Jean Urquhart, Kirsten Kverndal, Grete Hassel Pedersen.

Den skotske dagen blei ein stor suksess. Bokbyarbeidarane Sandra McDowall og Cora Sharp frå Wigtown starta det heile dagen før, 23. januar. Sandra McDowall ga ei glimrande orientering på godt besøkt næringslivsfrukost i Terna Kafé om veksten i Wigtown etter at Wigtown blei bokby. Sandra McDowall er styreleiar i Wigtown BookFestival og tidlegare ordførar i Wigtown. Her er presnetasjonen: 2015-01-23 Sandra McDowall om Wigtown. Ho og læraren Cora Sharp hadde også møte med Myra skole i Arendal, som nå går inn i samarbeid med Wigtown Primary School om blogging, brevpost, epostsamarbeid og anna samarbeid i engeelskundervisninga.

Parlamentsmedlem Jean Urquhart,  og forfattarane James Robertson og Liz Niven heldt foredrag, las frå romanar og diktsamlingar og leia Robert Burns Supper i bokbyen og på Bokhotellet Lyngørporten 23. og 24. januar 2015. Saman med Sandra McDowall og Cora Sharp ga dei også reiseråd for dei som vil besøke Skottland – om kultur, naturopplevingar, turar, historie. Bibliotekar og forfattar John Unsgård følgte opp med kåseri om skotske hundar.

det er eit fotoalbum frå dagen på Facebook Bokbyen ved Skagerrak.

Dei skotske dagane med overskrifta Skottland – hva nå? var eit samarbeid mellom Bokhotellet Lyngørporten, Bokbyen ved Skagerrak og Holt folkeakademi, med støtte frå Institusjonen Fritt Ord.

Her er fleire foto: Jean Urquhart, James Robertson, Liz Niven og Sandra McDowall leiar allsong av Robert BurnsLiz Niven, Jean Urquhart og James Robertson i Bokbanken

Liz Niven les på bokhotellet

Liz Niven les på bokhotellet

Lisa Marcussen og Monrad Mosberg klare for haggis

Lisa Marcussen og Monrad Mosberg klare for haggis

Søk i artikler



''En bokby er fantasi satt ut i praksis. La meg kalle antikvariatene og bokstedene for bokbyens gledeshus: Gleden over bøker, gleden i bøker, gleden av bøker. Når vi åpner dem, åpner de oss. Og som en bokby blir Tvedestrand større enn seg selv.''

Lars Saabye Christensen, åpningstale i Bokbyen ved Skagerrak, 28. juni 2003.

.