Presidentbesøk i bokbyen

Antikvarbokhandlar Arne-Ivar Kjerland (til vensre) saman med Lily Mason frå bokbyen Clunes og nyvalt bokbypresident Tim Nolan.

Antikvarbokhandlar Arne-Ivar Kjerland (til venstre) saman med Lily Mason frå bokbyen Clunes og nyvalt bokbypresident Tim Nolan.

Tim Nolan, frå bokbyen Clunes ved Melbourne og nyvalt president i International Organiaton of Booktowns, besøkte Bokbyen ved Skagerrak denne veka. Han og sambuaren Lily Mason, som arbeider i bokbyen Clunes, fekk omvisning i fleire av antikvariata i nedre bydel, studerte sentrumsutvikling og den flotte restaureringa av Hovedgata og Holgata. Tim Nolan er også engasjert i lokal miljøforvaltning og friluftsliv, og fekk grundig orientering om både langsiktig fiskeriforvaltning og arbeidet med Furøya av miljøvernrådgivar Asbjørn Aanonsen i Tvedestrand kommune.

 

Clunes er vertskap for den internasjonale bokfestivalen i mai 2018, og besøket i Tvedestrand var viktig for Tim Nolan for å hauste erfaringar frå arbeidet her.  Dei australske gjestane har hatt samtalar med styreleiarane Brynjulv Mugaas og Hans Jørgen Mørch i Bokbyen Drift og Stiftelsen Bokbyen ved Skagerrak, dagleg leiar Solveig Røvik og andre i bokbyen.

Miljøvernrådivar Asbjørn aanonsen tok med dei australske gjestane på båttur, ig orienrete om fiskeriforvltning, lokal iljøpolitikk og forvaltninga av Furøya.

Miljøvernrådgivar Asbjørn Aanonsen tok med dei australske gjestane på båttur, og orienterte om fiskeriforvaltning, lokal miljøpolitikk og forvaltninga av Furøya.

Søk i artikler



''En bokby er fantasi satt ut i praksis. La meg kalle antikvariatene og bokstedene for bokbyens gledeshus: Gleden over bøker, gleden i bøker, gleden av bøker. Når vi åpner dem, åpner de oss. Og som en bokby blir Tvedestrand større enn seg selv.''

Lars Saabye Christensen, åpningstale i Bokbyen ved Skagerrak, 28. juni 2003.

.