Over 500 kr i bokkjøp for kvar vegusdøl

Forfattarane Kjell Bjorvatn (til høgre), Bjarne Bjorvatn (med grå jakke) og vegusdøler på bokkveld om “Men månen kan de ikke blende”.

Det var 17 frå Vegusdal der, og det blei selt bøker for kr 9172!

Kjell og Bjarne Bjorvatn presenterte “Men månen kan de ikke blende” i det tredje samarbeidsarrangementet med Birkenes historielag og Birkenes museumslag på Engesland skule i Vegusdal onsdag kveld. I den fine fleirbrukssalen på skolen, der også Ungdomslaget Heimtun har hatt dei mange teaterforestillingane sine, stilte arrangøren med kaffi, te, kringle og bøker.

Tor Tveide, Inger B. Slågedal og Kjell Eirik Stoveland i spelemannslaget Strøget spelte opp.

Medlemer av Spelemannslaget Strøget åpna med Risnesen frå Fjotland og følgte opp med blant andre Griffenfeldten (også frå Fjotland) og vals frå Herefoss, historielagsleiar Kjell Eirik Stoveland ønskte velkomen og brørne Kjell og Bjarne fortalte om boka.  Birkenes film viste film om tur med Aktive fredsreiser til Sachsenhausen og andre konsentrasjonsleirar.

 

Og i pausa var det boksal. Opptellinga viste at det var 17 vegusdøler der, og i tillegg kom arrangørstaben frå Birkeland og andre gjestar. Eit gjennomsnittsal på over kr 539,00 pr vegusdøl må tyde på ei svært kulturbevisst bygd!

 

Også i Herefoss mandag og på Birkeland  onsdag 26. september var det mange folk og godt boksal. Boka “Men månen kan de ikke blende” er til sals i alle bokhandlar i Agderfylka og i tillegg gjennom Birkenes historielag og direkte frå post@bokbyenforlag.no.

Kjell Bjorvatn les i Vegusdal.

Søk i artikler

Kontakt oss

Bokbyen ved Skagerrak
Postboks 101
4902 Tvedestrand
Tlf. 37 16 40 30

Besøksadresse: Hovedgata 46, inngang Arne Garborgs vei
post@bokbyen-skagerrak.no

Åpningstider:
Mandag-lørdag hele året
kl. 9.00-17.00 (15.00)

For åpningstider øvrige utsalg, se detaljer under Antikvariater.

TAKK TIL































''En bokby er fantasi satt ut i praksis. La meg kalle antikvariatene og bokstedene for bokbyens gledeshus: Gleden over bøker, gleden i bøker, gleden av bøker. Når vi åpner dem, åpner de oss. Og som en bokby blir Tvedestrand større enn seg selv.''

Lars Saabye Christensen, åpningstale i Bokbyen ved Skagerrak, 28. juni 2003.

.