– Obama bør skifte ut Joe Biden med Hillary Clinton!

Det var stor stemning og fullt hus for Hans Olav Lahlum i dag.

Hans Olav Lahlum i Museumshaven i dag.

Hans Olav Lahlum samla 28 betalande i Museumshaven søndag kl 1200. Lahlum gjekk humoristisk og kunnskapsrikt gjennom norsk krimlitteratur og presenterte dei tre bøkene Menneskefluene, Satelittmenneskene og Katalysatormordet, som alle har fått gode omtale og svært høge salstal. Dei 28 kjøpte 29 bøker og mykje god mat i Museumshaven! Etterpå var det hylleraid i Bjørndahls bokmølle, Skagerrak Antikvariat og Bokbanken, der Hans Olav Lahlum drog ut den eine godbiten etter den andre frå hyllene med krimlitteratur.

 

Seinare på ettermiddagen møtte 81 politisk interesserte menneske opp på Bokhotellet Lyngørporten der Hans Olav Lahlum presenterte amerikanske presidentar dei siste 100 åra, henta frå den komande boka om amerikanske presidentar. Boka kjem i første veke i august på CappelenDamm, og tilhøyrarane fekk smakeprøver på dei oppdaterte portretta og presentasjonane av Barack Obama og utfordraren Mitt Romney.

 

I ein engasjert runde med spørsmål og kommentarar tilrådde presidentekspert Lahlum at Obama skiftar ut Joe Biden med Hillary Clinton som visepresidentkandidat. – Da er det mykje lettare å få fire nye år som president, sa Lahlum. Meir om den komande boka her

– Bytt ut Joe Biden med Hillary Clinton, foreslår Hans Olav Lahlum. Foto Jan G. Larsen.

Hans Olav Lahlum samla full sal på bokhotellet med foredrag om amerikanske presidentar.

.

Søk i artikler



''En bokby er fantasi satt ut i praksis. La meg kalle antikvariatene og bokstedene for bokbyens gledeshus: Gleden over bøker, gleden i bøker, gleden av bøker. Når vi åpner dem, åpner de oss. Og som en bokby blir Tvedestrand større enn seg selv.''

Lars Saabye Christensen, åpningstale i Bokbyen ved Skagerrak, 28. juni 2003.

.