Märta Tikkanen skriv om bokbyen i Bokmagasinet i Klassekampen

Märta Tikkanen i KlassekampenI Klassekampens Bokmagasinet 15. august skriv Märta Tikkanen om Møtestader, der ho fortel: “For nokre år sidan fekk eg delta på eit litterært arrangement i Bokbyen ved Skagerrak. Det vart ei fin utflukt; heile byen var involvert i hendingane, med inviterte forfattarar i eit makelaust miljø, og med rader av boder langs lange gater som enda i ope hav og frisk vind. Dette var ein eller annan gong på seinvinteren,. og dei tydelegaste minna eg har herifrå, er vandringane langs islagde gater i nedoverbakke, der det beste ein kunne gjere, var å berre rutsje nedover – og håpe at noko ville bremse farten før ein nådde kaikanten. Av alle litteraturutflukter eg har vore med på i åras løp, er denne unik – ikkje berre fordi arrangementet fungerte perfekt, men nettopp fordi heile byen deltok. Den eine bokhandelen avløyste den andre, kvar med sin spesialitet. Iblant var det gamle bøker, i blant eventyr, og her og der var det nordiske litteratur – til og med finske bøker, både omsette til norsk, og faktisk også på svensk og finsk. Og det er ikkje så vanleg i Norden som ein kanskje kunne håpe. Ikkje eingong Akademiska Bokhandeln i Helsinki, kjend som den bokhandelen med størst utval i Norden, kan hovere med ferske nordiske utgivingar. heile bokbyen må bestå av eldsjeler. At det var fullsett med eit engasjert publikum, var vel difor ikkje overraskande. Men imponerte vart vi likevel alle.”

Märta Tikkanen i midten,s aman med Brit Bildøen (til venstre) og Linn Ullmann i fullsett sal på Tvedestrand Fjordhotell ein februardag. Foto Mette Urdahl, Tvedestrandsposten

Märta Tikkanen i midten,s aman med Brit Bildøen (til venstre) og Linn Ullmann i fullsett sal på Tvedestrand Fjordhotell ein februardag. Foto Mette Urdahl, Tvedestrandsposten

Takk, Märta Tikkanen! Og velkomen tilbake til oss i Bokbyen ved Skagerrak og på Bokhotellet Lyngørporten.

Søk i artikler



''En bokby er fantasi satt ut i praksis. La meg kalle antikvariatene og bokstedene for bokbyens gledeshus: Gleden over bøker, gleden i bøker, gleden av bøker. Når vi åpner dem, åpner de oss. Og som en bokby blir Tvedestrand større enn seg selv.''

Lars Saabye Christensen, åpningstale i Bokbyen ved Skagerrak, 28. juni 2003.

.