Full sal for Edvard Hoem i går

Edvard Hoem på bokhotellet

Fleire enn 100 kom til bokhotellet for å høyre ein kunnskapsrik, engasjert og engasjerande Edvard Hoem om Bjørnson og paradoksa i dei siste åra Bjørnson levde. Etter å ha malt eit bakgrunnsbilde med Bjørnsons sterke engasjement for stemmerett, for Venstre, for unionsoppløysing, mot felles konsulatvesen og for bønder og norsk kultur, ga Edvard Hoem smakebitar frå det fjerde og siste bandet i det store biografiverket om Bjørnstjerne Bjørnson.

Den store diktaren, Venstrehovdingen og samfunnsbyggaren oppfordra Høgre og Venstre til å slå seg saman og moderere seg, han ville ha forsoning med svenskane og velje ”den lange veg” med fleirtalsvedtak i tre stortingsperiodar før eventuell unionsoppløysing, det var ikkje så nøye lenger med eiga norsk utanriksteneste. Og Bjørnson, med bondefortellingar, eigen gard i Gausdal og fleire tiår med framsnakking av norsk bondestand, gjekk til det hardaste angrepet på landsmålet, bondekulturen og mugglukta i norsk bygdekultur, dialektar og Ivar Aasens skriftspråk som noen gong er komen. Det gjorde han i ein minnetale for sjøfolk som hadde omkome på havet! Han fekk Nobelprisen i litteratur, blei helt i Sverige og spelte framleis ei leiande rolle som diktar og samfunnskommentator i Europa. Men på heimebane var han ikkje heilt med lenger, sa Hoem: – Han sat nede i Roma og skreiv og skreiv om ingenting skjedde i Norge, mens hans gamle kampfeller arbeidde døgnet rundt i Norge fram mot 1905, unionsoppløysing, skaping av den nye sjølvstendige norske nasjonen.  Men han kom heim igjen, blei overrumpla av den frilynde ungdomsrørsla han hadde sjikanert og blei halden utanfor dei inste roma i politikken. Bjørnson møtte fleire hundre bunadkledde ungdomar som song songane hans og kjempa for nynorsken, og skreiv brev til venner i 1902 at han hadde tatt feil om bygdekulturen og landsmålet. Og 6 juni 1905 sat Bjørnstjerne og Karoline Bjørnson heime hos Christian Michelsen i Oslo, mens statsministeren var på Stortinget og ikkje sa eit ord til gjestane sine om at nasjonalforsamlinga var i ferd med å gjennomføre den unionsoppløysinga Bjørnson hadde vore den sterkaste pådrivaren for i tretti år. Bjørnson reiste heim til Aulestad utan å vite kva som skjedde. Men da vedtaket først var fatta, da heiv Bjørnson seg inn igjen i den kampen han hadde meldt seg ut av. Han skreiv kronikkar på engelsk, fransk, tysk og italiensk i dei største europeiske avisene og var den som gjorde mest i vekene etter 7. juni 1905 for å gjere norske interesser gjeldande i den offentlege samtalen i Europa.

 

Hoem med fornøyd bokhotellsjef Jan G. Larsen

Edvard Hoem har levert frå seg manuset til fjerde bandet om Bjørnson, eit band som dekker åra frå det store engasjementet for den dømte franskmannen og jøden Richard Dreyfus i 1898-1899 til Bjørnson dør i  Paris våren 1910. Kista blei frakta heim med den danske kongevogna på toget til København og titusener møtte fram i gatene. I Kristiania var det truleg 75 000 menneske tilstades i gatene for å følgje gravferda. ”Det evige forår” blir tittelen på siste boka i biografiverket.

Hoem legg vekk Bjørnson etter sju år og rundt 3600 boksider. Han håpar noen vil ta det kulturelle ansvaret for å gi ut den enorme brevsamlinga etter Norges største brevskrivar. – Dei siste ti åra han levde var det i breva, og særleg breva til barna, som er den største skrivekunsten. Det er stor kunst, sa Edvard Hoem.

Etter det kraftfulle foredraget var det samtale om Edvard Hoems forfattarskap, frå debuten med ”Som grønne musikantar” i 1969 via tre Nordisk rådsnominerte romanar som ”Kjærleikens ferjereiser”, ”Prøvetid” og ”Mors og fars historie” til dei mange Shakespeare-omsetjingane, biografiane om Nordahl Grieg og Peder Bjørnson, ei rekke med skodespel og andre høgdepunkt i ei lang forfattarkarriere som nå får ein ny start: Hoem etter Bjørnson.

 

 

Full sal for Edvard Hoem på Bokhotellet Lyngørporten søndag.

Søk i artikler

Kontakt oss

Bokbyen ved Skagerrak
Postboks 101
4902 Tvedestrand
Tlf. 37 16 40 30

Besøksadresse: Hovedgata 46, inngang Arne Garborgs vei
post@bokbyen-skagerrak.no

Åpningstider:
Mandag-lørdag hele året
kl. 9.00-17.00 (15.00)

For åpningstider øvrige utsalg, se detaljer under Antikvariater.

TAKK TIL































''En bokby er fantasi satt ut i praksis. La meg kalle antikvariatene og bokstedene for bokbyens gledeshus: Gleden over bøker, gleden i bøker, gleden av bøker. Når vi åpner dem, åpner de oss. Og som en bokby blir Tvedestrand større enn seg selv.''

Lars Saabye Christensen, åpningstale i Bokbyen ved Skagerrak, 28. juni 2003.

.