Frå Holt til Sande: Gravsteinen til Andreas Faye er restaurert

Professor Ernst Håkon Jahr talte om Andreas Faye.

Professor Ernst Håkon Jahr talte om Andreas Faye.

Ernst Håkon Jahr talte om Andreas Faye.

Ernst Håkon Jahr talte om Andreas Faye.

rektor-frank-reichert-taler

Universitetsrektor Frank Reichert talte før avduking av den nyrestaurerete gravsteinen på Sande kirkegård.

oldebarn-tiddoldebarn-tipp-tipp-oldebarn-og-tipp-tipp-tipp-oldebarn-av-andreas-faye-ved-gravstotta

Oldebarn, tippoldebarn, tipp-tipp-oldebarn og tipp-tipp-tipp-oldebarn av Andreas Faye ved gravstotta.

Andreas Faye var den første rektoren på Holt seminar, og med det den første rektoren på Universitetet i Agder, sa dagens universitetsrektor Frank Reichert da han avduka den nyrestaurerte gravstøtta til Andreas Faye på Sande kirkegård i Vestfold laurdag.  Etter initiativ frå forfattar professor dr.philos og tidlegare universitetsrektor Ernst Håkon Jahr er gravstøtta funne og nå altså restaurert.  Andreas Faye var født i Drammen i 1802, var sokneprest i Holt i nesten trettiår ig det meste av den tida også rektor på Holt seminar. Historielaget i Sande, Agder Vitenskapsakademi og Sande menighet samarbeidd om eit fint arrangement med avduking, kyrkjekonsert ned musikk frå Andreas Faye si samtid. Mange etterkommarar etter Faye hadde møtt opp, heilt ned til tipp-tipp-tipp oldebarn.

Frank Reichert talte ved gravsteinen, og etter kyrkjekonserten talte varaordførar Tove Ødeskaug, leiar Rolf Siljedal i Historielaget for Dypvåg, Holt og Tvedestrand og Ernst Håkon Jahr. Jahr er godt i gang med biografi om Faye. Han retta stor takk til Jan Faye Braadland, tipp-oldebarn av Faye, forfattar og grundug samlar av opplysningar om Andreas Faye. Jahr drog fra Andreas Faye som ei grundig vitskapsmann med sterk påverknad frå akademiske miljø i Danmark og Tyskland. På danningsreiser sørover hadde Faye møtt Goethe i Weimar, og frå utlandsreisene tok han med heim nærmast eit oppdrag om å samle segn i Norge. Faye var den aller første som gjorde det, før både P. A. Munch, Asbjørnsen og Moe. Han blei tatt opp som ein av dei yngste medlemene i vitskapsselskapet i Trondheim, men miljøet rundt universitetet i Kristiania låg i sterk konkurranse med det omfattande akademiske miljøet i Arendalsområde. Den unge P.A. Munch slakta Fayes arbeid, på eit totalt uvitskapleg grunnlag, sa Jahr, som viste fram og presenterte alle Fayes bøker. Jahr viste også til at ettertida har vurdert Fayes arbeid stadig høgare, og bøkene er komne i fleire opplag. Med den vitskaplege samlinga Norske Sagn frå 1833 innleia teologen og historikaren Andreas Faye det nasjonale gjennombrotet i Norge. Han var også rådgjevar både for bokmålets far Knud Knudsen og for Ivar Aasen. I januar 1845 besøkte Ivar Aasen han, og gjennom ei heil veke drøfta dei planen til den da 27 år gamle Ivar Aasen om eit nytt skriftspråk, fortalte Jahr, som ga mange smakebitar på innhaldet i boka som er planlagt utgitt i 2018.

Leiar Rolf Siljedal i Historielaget for Dypvåg, Holt og Tvedestrand takka Sande for restaureringa av gravsteinen, Ernst Håkon Jahr for initiativet, Jan Faye Braadland for langvarg forsking omkring Faye og han fortalte om historielagets arbeid med seminarsalen på Holt. Siljedal sa at det er ei ære for Tvedestrand å ha hatt ein kapasitet som Faye til å leie dei første tiåra med universitetsutdanning i Agder. – Nå gleder vi oss til den komande biografien, og stiller gjerne opp saman med bokbyen for å hjelpe til når boka kjem, sa Siljedal.

Rolf Siljedal,leiar i Historielaget for Dypvåg, Holt og Tvedetsrand, snakkaom Faye og Holt på arrangementet i Sande i Vestfold.

Rolf Siljedal,leiar i Historielaget for Dypvåg, Holt og Tvedetsrand, snakkaom Faye og Holt på arrangementet i Sande i Vestfold.

Varaordførar Tove Ødeskaug, tidl. rektor Ernst Håkon Jahr, Andreas Faye, rektor Frank Reichert og historielagsleiar Rolf Siljedal ved gravstøtta.

Varaordførar Tove Ødeskaug, tidl. rektor Ernst Håkon Jahr, Andreas Faye, rektor Frank Reichert og historielagsleiar Rolf Siljedal ved gravstøtta.

 

Søk i artikler



''En bokby er fantasi satt ut i praksis. La meg kalle antikvariatene og bokstedene for bokbyens gledeshus: Gleden over bøker, gleden i bøker, gleden av bøker. Når vi åpner dem, åpner de oss. Og som en bokby blir Tvedestrand større enn seg selv.''

Lars Saabye Christensen, åpningstale i Bokbyen ved Skagerrak, 28. juni 2003.

.