Folksomt i bokbyteltet i Arendalsuka

Arendalsuka har starta godt for bokbyen. Mange fann vegen inn i teltet til tilbodshyllene med politisk litteratur for ein femtilapp, og over 100 bøker blei selt på åpningsdagen onsdag.

Knut Heidem har signert Lyngørbok til Jan Erik Vold og Jan Erik Vold signerte boka om Ruth Maier for Jakob Bakken

Ein av dei mange som fann mange bøker var lyrikaren Jan Erik Vold som sikra seg Jahn Otto Johansens “Folket ingen vil ha” til bruk i debatten om respekt for romfolk og sigøynarar. Han sikra seg også signert utgåve av Knut Heidems nye bok “Slaget i Lyngør 1812. Najadens tokt i historisk lys” og Egil Børre Johnsens store biografi om spårkpolitikaren og skolereformatoren Knud Knudsen.

 

Bokbyteltet er åpent også torsdag kl 1000-1800 og fredag kl 1000-1600.

Jon Fløistad og Jan Kløvstad er på plass heile tida, Odd Vaagland er ofte innom. Torsdag kl 1200 kjem Lasse Trædal og fortel om boka “Stå på eigne bein” av skytebas, kvalfangar og SV-politikar Harry Jørgensen, kl 1300 kåserer Geir Helljesen om “Statsministre i Mine Valg – fra Borten til Stoltenberg, kl 1400 er Stein Ørnhøi på plass med “Elg i badekar”.

 

Fredag er Knut Heidem tilbake og også Geir Helljesen har nytt kåseri om norske statsministrar. I samband med Helljesen sine kåseri er det spesialtilbod også på boka hans

 

Bokbyen forlags bøker går til spesialpris i Arendalsuka, – og det er over 500 politiske bøker til berre ein femtilapp pr bok. Bokbyteltet står på Kanalplassen i Arendal, mit i den politiske gata.

Bokteltgjest les høgt frå Odd Vaaglands Blødmer og blamasjer

Unge Venstreleiar Sveinung Rotevatn plukka ut favorittbøker i bokbyteltet

Søk i artikler



''En bokby er fantasi satt ut i praksis. La meg kalle antikvariatene og bokstedene for bokbyens gledeshus: Gleden over bøker, gleden i bøker, gleden av bøker. Når vi åpner dem, åpner de oss. Og som en bokby blir Tvedestrand større enn seg selv.''

Lars Saabye Christensen, åpningstale i Bokbyen ved Skagerrak, 28. juni 2003.

.