– Det var rein idioti, sa Monrad Mosberg

Forfattaren Anders Johansson til venstre, med blant andre Monrad Mosberg og Astrid Gjertsen, til hoyre

Forfattaren Anders Johansson til venstre, med blant andre Monrad Mosberg og Astrid Gjertsen, til hoyre

Den svenske forfattaren Anders Johansson har løfta fram heltemodige norske motstandsfolk, dyktige svenske hjelparar og også eindel håplause amatørar som forsøkte å kome seg gjennom den tyske minelegginga og blokaden i Skagerrak fra april 1940. I bokbyarrangementet i Tvedestrand fjordhotell onsdag hadde mange møtt fram for å høyre om boka ”De glemte blokadebryterne” og diskutere den viktige boka med han. Anders Johansson har fått tilgang til tidlegare stengte arkiv både i Norge, Sverige og England, og har tidlegare skrive store bøker også om norske politistyrker og norske agentar i Sverige under 2. verdskrigen. Blant dei frammøtte var 98 år gamle Monrad Mosberg, som blei beden om å fortelle om den livsfarlege turen med båten ”Erik” frå Göteborg og nesten til Skottland før eit fleirtal om bord bestemte at dei skulle snu. Dei kom levande tilbake igjen til svenske vestkysten. I arrangementet på fjordhotellet fortalte Mosberg sjølv om dramatikken om bord.

Anlaug Stranger, Monrad Mosberg og Astrid Gjertsen diskuterer krigsfoto ned Stein Vyrje (bak).

Anlaug Stranger, Monrad Mosberg og Astrid Gjertsen diskuterer krigsfoto ned Stein Vyrje (bak).

Monrad Mosberg er også grundig sitert i den svenske boka, som nå er kome ut også på norsk. Mosberg la ikkje skjul på at fluktforsøket ned ”Erik” var rein idioti, og sa at både han og andre som gjekk om bord i den overfylte båten i Göta elv trudde dei berre skulle ha denne båten ut i åpen sjø og så gå over i ein større og meir sjødyktig båt. Mosberg kom seg seinare med eit fly frå Stockholm til Storbritannia, og var aktivt ned i den norske marinen med base på Shetland og også om bord på  ”Svenner” som blei torpedert like utanfor Normandie på D-dagen 6. juni 1944.

 

Den tidlegare stortingsrepresentanten og statsråden Astrid Gjertsen ( 88 år) fortalte om mannen hennes, Herbert Gjertsen, som også var med på fluktforsøket med Erik. Han blei seinare sendt til konsentrasjonsleirar i Tyskland. Gjertsen retta ein varm takk til svenske grev

Astrid Gjertsen frtalte om mannen var med baten Erik.

Astrid Gjertsen frtalte om mannen var med baten Erik.

astrid-gjertsen-sikrar-seg-signert-bok-av-anders-johanssonFolke Bernadotte, som klarte det diplomatiske meisterstykket å få til dei ”Hvite bussene” som redda tusenvis av danske og norske konsentrasjonsleirfangar. Det var nettopp som konsentrasjonsleirfange på veg heim at Herbert Gjertsen møtte den unge danske sjukepleiaren som arbeidde i ein Bernadotte-leir ved Horsens.

Monrad Mosberg signerer boka Katastrofekonvien PQ 17, som han ga ut på Bokbyen Forlag i 2013.

Monrad Mosberg signerer boka Katastrofekonvien PQ 17, som han ga ut på Bokbyen Forlag i 2013.

Søk i artikler



''En bokby er fantasi satt ut i praksis. La meg kalle antikvariatene og bokstedene for bokbyens gledeshus: Gleden over bøker, gleden i bøker, gleden av bøker. Når vi åpner dem, åpner de oss. Og som en bokby blir Tvedestrand større enn seg selv.''

Lars Saabye Christensen, åpningstale i Bokbyen ved Skagerrak, 28. juni 2003.

.