Den kloke ea – ny barnebok på Bokbyen forlag

Den kloke ea

Ei sann historie frå den færøyske øya Hestur. Sjarmerande bok for barn 3-7 år av Oddvør Johansen, fleire gonger nominert til Nordisk Råds litteraturpris og den færøyske bildekunstaren Janus á Húsagarði. Lars Moa har omsett teksten.

Det handlar om fugl, oljesøl – og om ei snill og klok bestemor. Ei perfekt bok for høgtlesing i barnehagen, og som utgangspunkt for samtalar om respekt for livet, for naturen og kor viktig det er å hjelpe til.

 

Ærfuglane Eva og Erling er trulova. Men før dei skal bygge reir kjem dei i store vanskar. Heldigvis er det ei bestemor som kjem til hjelp i denne sanne historia frå Hestur på Færøyane: Dei fer springande av stad nedover til sjøen der dei dykkar. Plask! Dei finn seg smådyr å ete og blir mette. Mange takk! Og no er dei trulova og fortel alle dei andre ærfuglane at når det blir vår, tenker dei seg å få to ungar, kanskje fire.

 

Den kloke ea kan kjøpast direkte frå forlaget eller via nærmaste bokhandel. Send gjerne e-post til post@bokbyenforlag.no  Tlf 37 16 40 30 Meir om forfattar, illustratør og omsettar under her.

 

32 sider, stort format, gjennomillustrert i fargar.

Kr 198,-

Bokbyen forlag, ISBN  978-82-92920-38-1


 

 

 

Oddvør Johansen er blant dei leiande færøyske forfattarane, og ei av dei første kvinnene. Heilt frå debutromanen ”Livsíns summar” tidleg på 1980-talet har ho vore ein viktig stemme. Ho har fått den færøyske litteraturprisen to gonger og har vore innstilt til Nordisk litteraturpris (Í morgin er aftur ein dagur, 1998, omsett til norsk Tider skal kome).

 

 

Janus á Húsagarði er både barnebokforfattar og illustratør, har fått barnekulturprisen av Tórshavn kommune og dei to barnebøkene Ferðin hjá Mosamollis og Ferðin hjá Mosalisu er kome ut både på færøysk, dansk og engelsk.

 

 

Lars Moa har omsett 18 bøker frå færøysk til norsk nå, dei fleste av Jóanes Nielsen, og i tillegg av Oddvør Johansen, Rakel Helmsdal, Carl Jóhan Jensen og andre. Han har fått fleire norske heiderspriser for arbeidet sitt.

 

 

 

Søk i artikler



''En bokby er fantasi satt ut i praksis. La meg kalle antikvariatene og bokstedene for bokbyens gledeshus: Gleden over bøker, gleden i bøker, gleden av bøker. Når vi åpner dem, åpner de oss. Og som en bokby blir Tvedestrand større enn seg selv.''

Lars Saabye Christensen, åpningstale i Bokbyen ved Skagerrak, 28. juni 2003.

.