Den beste spelemannen, den største antikvarbokhandlaren og grannen om den største poeten

Olav H. Hauge, fotografert av Jan Kløvstad da Hauge fylte 75 år i 1983.

Høyr Knut Hamre, Arne-Ivar Kjerland og Anna Hjeltnes om Olav H. Hauge på Bokhotellet Lyngørporten fredag 8. mars kl 1900.

 

Olav H. Hauge (1908-1994)  er ein av dei største lyrikarane i Norden. Dikta hans lever vidare, dagbøkene hans frå 1924 til han døde 1994 er dei mest omfattande dagbøkene som er gitt ut i Norge (Det Norske Samlaget) og Knut Olav Åmås sin biografi Mitt liv var draum er ein av dei mest lesne forfattarbiografiane. Dikt som “Det var den draumen” og mange andre er folkeiege.

Knut Hamre har vunne landskappleiken heile seks gonger. Ingen har vunne landskappleiken fleire gonger. Hamre har vore på turné saman med Bodil Cappelen, enke etter Olav H. Hauge, og på bokhotellet spelar Hamre både eigne slåttar og musikk til dikt av Hauge, mens antikvarbokhandlar Arne-Ivar Kjerland les, og dei to og Anna Hjeltnes fortel om Olav H. Hauge. Alle tre kjente Olav H. Hauge og dei er godt kjente i forfattarskapen hans.

Knut Hamre, vinnar av Landskappleiken seks gonger, kjem til Bokhotellet Lyngørporten 8. mars. Foto: Folkemusikk.no .

 

Bli med på ein kveld med gode dikt, god folkemusikk og innsiktsfulle samtalar om både dikt og diktar.

Få med deg venner til ein folkemusikk- og lyrikkveld i godt lag:

Bokhotellet Lyngørporten serverer også to-rettars  middag kl 1900. Pris for middag pluss program kr 350,00. Reserver bord på 37 19 80 00. Programmet startar kl 2000, – inngangsbillett berre for programmet kr 100,00.

 

Bokhotellet Lyngørporten i samarbeid med Bokbyen ved Skagerrak.

Søk i artikler

Kontakt oss

Bokbyen ved Skagerrak
Postboks 101
4902 Tvedestrand
Tlf. 37 16 40 30

Besøksadresse: Hovedgata 46, inngang Arne Garborgs vei
post@bokbyen-skagerrak.no

Åpningstider:
Mandag-lørdag hele året
kl. 9.00-17.00 (15.00)

For åpningstider øvrige utsalg, se detaljer under Antikvariater.

TAKK TIL































''En bokby er fantasi satt ut i praksis. La meg kalle antikvariatene og bokstedene for bokbyens gledeshus: Gleden over bøker, gleden i bøker, gleden av bøker. Når vi åpner dem, åpner de oss. Og som en bokby blir Tvedestrand større enn seg selv.''

Lars Saabye Christensen, åpningstale i Bokbyen ved Skagerrak, 28. juni 2003.

.