Borrby Bokby med “Boken om böcker”

10 forfattarar, 12 artiklar, om Borrby bokby i Österlen i Skåne og kva bøker betyr for forfattarar, presten, oversettaren, antikvarbokhandlarar, biblioterapeuten, journalistar og tidskriftredaktørar – det er “Boken om böcker”, starten på ein ny bokserie i den svenske biokbyen Borrby. redaktør og utgivar er oskar Ottersten i Star in Oval bokförlag. Boka blei lansert i Boklängan i Borrby søndag, med mange av forfattarane tilstades. Boka er den første i ein ny serie om bøker om…. forskjellige emne. Det var stor markandsdag i Borrby Bokby, les meir om den på heimesidene for bokbyen.

 

I boka fortel Gunnel Ottersten om ideen og dei første åra i bokbyen mellom Ystad og Simrishamn, ein time aust for Malmö. Den første tanken om bokby i Skåne om “en sen kväll i en trädgård, bland glade människor i en trädgård som den här berättelsen börjar. I en trädgård där just en rosa elefant hade placerats…. Nu ville ägaren till Antikvariat Hundörat ha en ny figur i sin fontän… Det blev en rosa elefant som nu badar i sitt stenkar mitt i Borrby. Elefanten fick namnet Badaren och nu var det invigningsfest i trädgården. … Plötsligt säger den erfarne antikvitetsbokhandlarn: tänk om vi skulle göra Borrby till en booktown! … Byn behövde en ny infektion. Vi hade talat om det i företagarföreningens styrelse men inte hittat vad det skulle vara. Nu kom en idé, den landade som en blixt – och blev kvar.”

Forleggar Oskar Otteersten, Jan Kløvstad og bokbyleiar Gunnel Ottersten i Borrby Bokby med den nye boka “Boken om Böcker”.

Antikvarbokhandlaren er Peter Bodén i Antikvariat Hundörat, – også han har to interessante artiklar i “Boken om Böcker”, ei interessant bok på 146 sider.

 

Jan Kløvstad, president i International Organisation of Booktowns og bokbyarbeidar i Tvedestrand plasserer Borrby i bokbyverda i ein av åpningsartiklane i boka:

 

Jeg skulle gjerne vært borger av en bokby

 

 

Clunes i Australia, Paju i Sør-Korea, Wigtown i Skottland, Redu i Belgia, Langkawi i Malaysia, Fjærland og Tvedestrand i Norge – og Borrby…

”- Jeg liker ordet bokby, ikke bare fordi jeg liker både byer og bøker, men fordi kombinasjonen av disse to ordene, bok, by, geografi og kjærlighet så å si, har en sunn galskap i seg, en kraftig metaforisk klang, som er i slekt med det beste i litteraturen.  Sammen blir disse ordene større enn seg selv. Jeg skulle gjerne vært borger av en bokby, sa den norske forfattaren Lars Saabye Christensen, som fekk Nordisk Råds litteraturpris for ”Halvbroren”, da han åpna Bokbyen ved Skagerrak i Tvedestrand 28. juni 2003. Og han fortsatte:

-Bøkene har bokstavelig talt satt denne byen både på hodet og på kartet. Og alle menneskene som besøker en bokby skal ikke bare lese og lytte, de skal overnatte, spise, drikke, leve, og jeg liker noen ganger også å tenke på bøkenes storartete ringvirkninger, det sosiale og uforutsigbare liv, som så å si er poesiens og romanenes fortsettelse, bøkenes frodige omland. Og den gode, uventete boken er alltid større enn seg selv, og det blir den i møtet med leseren og i leserens møte med hverandre.

Vi har en innkjøpsordning i Norge, en enestående ordning, som sørger for at nyfødte bøker straks får et trygt hjem å komme til, nemlig bibliotekene. Der står de på rekke og rad, nyvaskete og spente, og venter på sine fosterforeldre, med andre ord leserne.

Men hva med de eldre og erfarne bøkene, de glemte, de sjeldne og slitne, bøker som er blitt forlatt, som er savnet, utsolgt, gitt bort, bøker som har vært ute en vinternatt, de billige og verdifulle bøker, med rynker i margen, trenger kanskje ikke de også et hjem?

Å jo, og nå har de fått det, i Bokbyen ved Skagerrak. Og en bokby er ikke et gamlehjem. Permene kan nok bli slitte, men den gode litteraturen er alltid ny.

En bokby er fantasi satt ut i praksis. La meg heller kaller antikvariatene og bokstedene for bokbyens gledeshus: Gleden over bøker, gleden i bøker, gleden av bøker.

Når vi åpner dem, åpner de oss.

Og med en slik en bokby gjør Tvedestrand seg større enn seg selv.”

Det er fleire bokbyar rundt om i verda. Bokens stad i Mellösa i Flens kommun er ein av dei. Den lille landsbyen Torup heilt nord på Sjælland og Sysmä midt i Finland med skog og innsjøar på alle kantar, og Tvedestrand med ein gamal bydel ned mot fjorden på norske sørlandskysten er dei andre bokbyane i Norden. Heilt nord i Norge, på Knut Hamsuns Hamarøy, er det ein liten bokby under etablering. Også i USA, Kroatia, Sveits, Italia, fleire europeiske land, Malaysia, Sør-Korea og Australia er det bokbyar.

Felles for dei fleste er at bokbyane er så små at dei ikkje står på eit vanleg kart eller atlas.  I den første norske bokbyen, i Fjærland i Sogn, innerst i ein fjord og under ein isbre, bur det 300 menneske.

Bokby – village de livres, book town, kirjakylä – er ein liten tettstad med bruktbokhandel som dominerande særpreg. Når handel med brukte bøker nå er blitt ei reell vekstnæring, har det fleire grunnar:

  • Det har aldri tidlegare vore skrive så mange nye bøker kvart år, og i vanleg bokhandel må bøkene difor fort vike plass for dei nye av året.
  • Vi kjøper fleire bøker enn før, men skiftande livssituasjonar, oftare skifte av arbeidsplass og av bustad gjer at mange finn det praktisk å kvitte seg med ein del av bøkene dei har samla seg.
  • Vi har meir fritid, og kan nå lese mange av dei bøkene vi ikkje fekk lese før. Men desse bøkene kan som oftast berre kjøpast hos dei som sel brukte bøker.

Richard Booth starta opp med å selje trailerlass av bruktbøker i den ledige kinoen i Hay-on-Wye i Wales tidleg i 1960-åra. Han kunne då knapt tenke seg at denne vesle landsbyen med rundt 600 innbyggarar skulle bli staden med opp imot 40 bokutsal, med ein verdskjend stor litteraturfestival kvar vår og med alle dei ringverknader salet har fått. Hay-on-Wye har fått bokbindarverkstader, rammemakarar og andre spesialbutikkar av høg kvalitet. Hay-on-Wye, som den gongen var nesten utdøydd som landsby, blir nå besøkt av fleire millionar menneske kvart år.. Det var to overnattingsstader der i 1962. Nå er det over 100. Det var nesten ingen kaféar, nå er det kaféar overalt.

Turistrådet i Wales meiner over 11% av alle utanlandske turistar i Wales besøker den vesle bokbyen. Richard Booth har fortalt om utviklinga i sjølvbiografien ”My Kingdom of Books”, og britiske forskarar har brukt både Hay-on-Wye, belgiske Redu, fleire franske bokbyar og norske Fjærland som prov på at brukte bøker skaper leseglede, turisme og ny vekst på stader som hadde sett betre tider før.

Den Norske Bokbyen i Fjærland vart grunnlagd i 1995 og var den første bokbyen i Norden. Der er det nå om lag 4 hyllekilometer bøker til sals i eit titals utsal av ymse storleikar og opphav: ferjeventerom, fjøs, bank, fryseri og postlokale. At Bokbyen baserer seg på gjenbruk også når det gjeld utnytting av ledige lokale, gjer at bokutsala blir svært originale i utforming.

Wigtown i Skottland var fallert, eit samfunn dei fleste hadde forlatt. Butikkar stod tomme. Hus stod tomme. Bokbyideen er blitt redninga for Wigtown, i dag ein av dei leiande bokbyane i verda. Første gong eg var der, i 2002, var det 8 – åtte – sengeplassar i pensjonatet i Wigtown. Nå er det fleire hotell og pensjonat i Wigtown enn det var hotellsenger for ti år sidan! I tillegg er det 21 Bed & Breakfast. Med skotske og europeiske pengar har huseigarane i sentrumsgatene fått refundert inntil 70% av renoveringsutgiftene for å sette dei gamle og verneverdige husa i stand. I månadskiftet september-oktober kvart år er Wigtown vertskap for Skottlands største litteraturfestival, med 170 arrangement nå i 2012.

Clunes i Australia er saman med Borrby nyaste medlem i International Organisation of Booktowns. Rundt 1000 menneske bur i den gamle gullgravarbyen, kjent også som kulisse for internasjonalt kjente filmar som Mad Max (1979) og Ned Kelly (2003). Bokbyideen kom fram for å få liv i byen igjen, først med ein dag med litteraturfestival i mai 2007, – og den dagen er kjent lokalt som ”that day in May when there were more people in Clunes than during the gold rush and the town ran out of everything – money, food and electricity”. Nå er Bokbyen godt etablert med årleg todagars festival med 15-20 000 gjestar og Australias beste forfattarar. Meir enn seksti besøkande bokseljarar er på plass saman med nyetablerte lokale bruktbokhandlarar.

Noe heilt anna og heilt nytt i bokbyfamilien er sørkoreanske Paju, like ved grensa mot nord. Initiativtakarane har henta inspirasjon frå Hay-on-Wye og transformert ideen til å bygge ein heilt ny by, – med 80 forlagshus, 40 bokhandlar, fem antikvariat, eit imponerande kunstmuseum, eit hotell og konferansesenter, mange bokkaféar og med eit klart fredselement: dette er opplevelses- og kunnskapsbyen som skal stå klar for eit samla Korea når den tid kjem. Paju er bokas svar på Hollywood, og den nye årlege litteraturfestivalen har som mål å bli Asias svar på Bokmässan i Göteborg og etter kvart like stor som den internasjonale bokmessa i Frankfurt.

Å drive ein bokby er idealisme, klokskap og mykje arbeid. Det handlar om å skape leseglede, skriveglede, lokal patriotisme og vere attraktive for folk som vil reise lange avstandar for å oppleve, for å fordjupe seg, for å leve livet i det Lars Saabye Christensen kaller ”bokbyens gledeshus”.  Vi har også fått nye slektningar i fleire storbyar nå, – i tyske litteraturhus og i Litteraturhuset i Oslo.

Den norske poeten Øystein Hauge har stor sans for både litteraturhus i dei store metropolane og sjarmen i dei mange små bokhus i dei små lokalsamfunna:

ROM FOR LITTERATUR

det vesle diktkammeret

attmed den litt større lesesalen

 

i det store litteraturhuset

 

som likevel ikkje er større enn at

hundre slike hus lett ville fått plass

 

i ein bokby

 

(Meir om International Organisation of Booktowns på www.booktown.net)

 

Søk i artikler

Kontakt oss

Bokbyen ved Skagerrak
Postboks 101
Wrold Wroldsensgt. 2
4902 Tvedestrand
Tlf. 37 16 40 30

post@bokbyen-skagerrak.no

Åpningstider:
Mandag-lørdag hele året
kl. 10.00-16.00 (15.00)

For åpningstider øvrige utsalg, se detaljer under Antikvariat.

TAKK TIL































''En bokby er fantasi satt ut i praksis. La meg kalle antikvariatene og bokstedene for bokbyens gledeshus: Gleden over bøker, gleden i bøker, gleden av bøker. Når vi åpner dem, åpner de oss. Og som en bokby blir Tvedestrand større enn seg selv.''

Lars Saabye Christensen, åpningstale i Bokbyen ved Skagerrak, 28. juni 2003.

.