Arendalsuka 15.-17. august: Bokbyen med Geir Helljesen og politisk litteratur

Geir Helljesen kåserer i bokbyteltet i Arendalsuka torsdag kl 1300 og fredag etter velferdsdebatten. Møt Geir Helljesen og eit stort utval politisk litteratur!

Bokbyen ved Skagerrak stiller på Kanalplassen15.-17. august med eit heilt telt fylt av politiske biografiar og andre politiske bøker. Torsdag kl 1300 og fredag kl 1230 kåserer Geir Helljesen om ”Norske statsministre i Mine valg” om statsministre fra Per Borten til i dag. Geir Helljesen vil også signere boka ”Mine valg” om norsk politikk og valkampar dei siste 40 åra. Mange av partileiarane og andre politikarar vil invitere på hylleraid etter politiske bøker dei synest folk bør lese i bokbyteltet. I teltet er det oppslag kvar dag om når politikarane er på plass.

Også forfattarar frå Bokbyen forlag er på plass i bokbyteltet: Onsdag er Egil Børre Johnsen, Jon Fløistad og Knut Heidem der og snakkar med folk om språk- og skolereformatoren Knud Knudsen, Slaget i Lyngør 1812 og Nidelva og laksen. Torsdag kjem Lasse Trædal med biografien “Stå på eigne bein” om Harry Jørgensen, Stein Ørnhøi med matboka “Elg i badekar” i tillegg til at Jon Fløistad er på plass alle dagane.

Frå antikvariata, bruktbokbutikkane og Bokbyen forlag har bokbyen leita fram biografiar og erindringsbøker av kjente og mindre kjente norske og utanlandske politikarar heilt frå 1930-talet og fram til i dag. Bøkene er om og av leiande poltiikarar i dei aller fleste politiske parti og politiske emne både innanlands og utanlands, pluss mykje politisk historie og fleire debattbøker. Det er mogleg å sikre seg viktige kjelder til kunnskap og grundig innsikt i samfunnspørsmål, – til svært så rimelege prisar.

Bokbyen ved Skagerrak har fleire antikvariat og bruktbokutsal i nedre del av Tvedestrand sentrum, med til saman godt over 300 000 bøker.  Godt over 70 000 av titlane er også tilgjengelege i bokbyens eigen nettbutikk www.bokby.net. Sidan 2006 har Bokbyen forlag gitt ut over 40 bøker, blant dei  standardverket ”Slaget i Lyngør 2012” av Knut Heidem, biografiar om skytebas og lokalpolitikar Harry Jørgensen frå Gjerstad/Tvedestrand, den matpolitisk korrekte ”Elg i badekar” av tidlegare SV-leiar Stein Ørnhøi, festskriftet ”Spøkefugl og alvorsmann” om og av Øyvind Bjorvatn og Egil Børre Johnsens storverk om språkpolitikaren og skolereformatoren Knud Knudsen. I oktober kjem Kjell Håves store biografi om Jon Leirfall.

Søk i artikler

Kontakt oss

Bokbyen ved Skagerrak
Postboks 101
4902 Tvedestrand
Tlf. 37 16 40 30

Besøksadresse: Hovedgata 46, inngang Arne Garborgs vei
post@bokbyen-skagerrak.no

Åpningstider:
Mandag-lørdag hele året
kl. 9.00-17.00 (15.00)

For åpningstider øvrige utsalg, se detaljer under Antikvariater.

TAKK TIL































''En bokby er fantasi satt ut i praksis. La meg kalle antikvariatene og bokstedene for bokbyens gledeshus: Gleden over bøker, gleden i bøker, gleden av bøker. Når vi åpner dem, åpner de oss. Og som en bokby blir Tvedestrand større enn seg selv.''

Lars Saabye Christensen, åpningstale i Bokbyen ved Skagerrak, 28. juni 2003.

.