Agnes Ravatn og konsentrasjonsvanskar

Agnes Ravatn i biblioteket Marit Fidje frå Froland, Ivar Nygaard frå Stavanger og Agnes RavatnEg tok meg sjølv i å sjekke e-post, sjekke Facebook, sjekke yr.no, sjekke nettaviser – og så plutseleg var konsentrasjonen borte og dagane gjekk. Det blei så ille at eg ikkje fekk gjort det eg skulle. Eg måtte ta meg skikkeleg saman, sa forfattaren Agnes Ravatn i Tvedestrand bibliotek laurdag. Ravatn, som fekk både P2-lyttarane sin romanpris og Ungdommens kritikerpris for Fugletribunalet i fjor, gjekk til faglitteraturen og las haugevis av sjølvhjelpsbøker. Men ingen av dei hjelpte heilt. Sjølv ein forfattar som er kjent for grundig granskararbeid, skarpe observasjonar og ei formuleringsevne litteraturkritikarar og lesarar hyller landet over, blei fanga av syndromet om alltid å vere på nett.

 

 

På bildet ser vi biblioteksjef Marit Fidje frå Froland og fortellaren Ivar Nygaard frå Sandnes, som forlenga opphaldet under NM i litteraturformidling i Arendal fredag for å få med seg Agnes Ravatn i Tvedestrand.

Så ho skreiv boka Operasjon sjølvdisiplin, med mål om å lage den aller beste og mest praktiske sjølvhjelpsboka. Tilhøyrarane laurdag forsynte seg godt av stabelen med bøker Tvedestrand bokhandel hadde tatt med, og går nå i gang med den humoristiske og veldokumenterte bakgrunnen for dei 30 konkrete råda som oppsummerer boka. Det handlar om å avtale konkrete, praktiske og gjennomførbare reglar for seg sjølv, som å vente 10 minutt til neste e-postsjekk, 20 sekund å gå for å finne fjernkontrollen eller godteposen, og ei kokebok for systematikk og disiplin.

Tilhøyrarane fekk også med seg samtale om debutromanen Veke 53, dei to skarpskodde essaysamlingane Folkelesnad og Stillstand, og den store gjennombrotsromanen Fugletribunalet. Fugletribunalet er nå kome i tre opplag, og Agnes Ravatn er godt i gang med neste romanprosjekt, sa ho i samtalen leia av bokbyens Jan Kløvstad.

Agnes Ravatn er på ein omfattande turné i biblioteka i Agderfylka, og i Tvedetsrand hadde Bokbyen ved Skagerrak og biblioteket også fått strøtte av Fritt Ord i serien med presentasjon av samtidslitteratur.

Søk i artikler



''En bokby er fantasi satt ut i praksis. La meg kalle antikvariatene og bokstedene for bokbyens gledeshus: Gleden over bøker, gleden i bøker, gleden av bøker. Når vi åpner dem, åpner de oss. Og som en bokby blir Tvedestrand større enn seg selv.''

Lars Saabye Christensen, åpningstale i Bokbyen ved Skagerrak, 28. juni 2003.

.