Suksess på Hovden i lansering av Tamreindrifta i Setesdalsheiane

Kjell Bitustøyl signerer Tamreindrifta i Setesdalsheiane for Byklerådmann Tallak Hoslemo.

Olav M. Holen signerte mange bøker i Hovden grendehus.

Olav M. Holen signerte mange bøker i Hovden grendehus.

80 menneske kom til Hovden grendehus laurdag ettermiddag, der Bykle kommune var vertskap for lansering av Kjell Bitustøyls Tamreindrifta i Setesdalsheiane. Unn Hovden på kulturkonyoret var trygg programleiar, Kjell Bitustøyl hadde grundig presentasjon av boka, sørsamiske Arvid Jåma presenterte slektsbakgrunnen for samar som kom heilt frå Hattfjelldal til Bykle. Tidlegare Vinjeordførar Arne Vinje har vore med i redaksjonsnemnda, og kåserte om tamrein og forholdet mellom Telemark og Setesdal. Fleire reingjetarar blei intervjua, og ordførar Jon Rolf Næss takka forfattaren, Arne Vinje og kommunens LØeif Kvinlog og Unn Hovden som har arbeidd med den viktige boka. Jan Kløvstad frå Bokbyen Forlag takk Bykle kommune for samarbeidet både med Kjell Bitustøyls bok og Olav M. Holens Meir gamalt for Sætesdal II og III.

Både Olav M. Holen og Kjell Bitustøyl fekk det travelt med mykje signering av bøker i grendehuset etter programmet.

Unn Hovden var trygg programleiar

Sondov Bjåen (til høgre) demonstrerte gamal grammofonspelar han hadde fått av samiske reindrivarar.

Reingjetarane Sigurd Bjåen (til venstre) og Sondov Bjåen blei intervjua av Kjell Bitustøyl.

 

Meir om boka Tamrein i Setesdalsheiane her. Boka er til sals i alle gode bokhandlar, i butikkar i heile Setesdal, i Bykle kommune og sjølvsagt frå bokbyens nettbutikk.

 

Søk i artikler

Kontakt oss

Bokbyen ved Skagerrak
Postboks 101
Wrold Wroldsensgt. 2
4902 Tvedestrand
Tlf. 37 16 40 30

post@bokbyen-skagerrak.no

Åpningstider:
Mandag-lørdag hele året
kl. 10.00-16.00 (15.00)

For åpningstider øvrige utsalg, se detaljer under Antikvariat.

TAKK TIL































''En bokby er fantasi satt ut i praksis. La meg kalle antikvariatene og bokstedene for bokbyens gledeshus: Gleden over bøker, gleden i bøker, gleden av bøker. Når vi åpner dem, åpner de oss. Og som en bokby blir Tvedestrand større enn seg selv.''

Lars Saabye Christensen, åpningstale i Bokbyen ved Skagerrak, 28. juni 2003.

.