
Nynorsk Antikvariat, Holgata 2 Foto: Guttorm Eskild Nilsen
Nynorsk Antikvariat AS i Holgata 2, har 75 000 bøker frå fem hundreår.
Antikvariatet er medlem av Norsk Antikvarbokhandlerforening og har til ei kvar tid ca. 60 000 bøker på www.antikvariat.net. Mesteparten av omsetninga går som postordre, og blir ekspedert innan 48 timar frå bestillingane kjem inn, og ofte same dagen.
Nynorsk Antikvariat er kjent for å ta vel imot kundane sine, både nettkundane og dei som kjem innom. Antikvariatbokhandlar Arne-Ivar Kjerland har lang røynsle i bransjen, og er spesialist på nynorsk litteratur. Men antikvariatet har bøker på mange språk; sjølvsagt mest på bokmål og nynorsk, men også på dei andre nordiske språka, og på engelsk, tysk, fransk, spansk, italiensk og russisk.
Antikvariatet satsar mykje på lokalhistorie og norsk- og nordisk historie. Her er eigne avdelingar for royalisme, forsvar, andre verdskrigen og reiser i Noreg.
Elles står litteratur og forfattarskap sentralt, det gjer også språk, kulturhistorie og kunst. Andre kategoriar er realfag, essay og ordskifte, verda og verdshistorie, utvandring, oppslagsverk, religion, media og journalistikk, ordbøker, jus, kriminologi, pedagogikk og skulehistorie, sosiologi, skulebøker, lesebøker, biografiar, periodika og julehefte.
Nynorsk Antikvariat har også ein eigen avdeling for barne- og ungdomsbøker.
Nynorsk Antikvariat, Holgata 2, 4900 Tvedestrand
e-post: tinging@nynorskantikvariat.no

Foto: Guttorm Eskild Nilsen