Kontakt oss – og bokmottak

Vi håper å høre fra deg – og møte deg i bokbyen!

Bokbyen ved Skagerrak
Postboks 101
Wrold Wroldsensgt. 2
4902 Tvedestrand
Tlf. 37 16 40 30
post@bokbyen-skagerrak.no Bankkonto 7314.05.00949

Åpningstider: Bokbanken og Skagerrak Antikvariat mandag-laurdag heile året 1000-1700 (1500) , torsdag-laurdag vinterstid også  Ex Libris, laurdag i tillegg også tidvis Bjørndahls bokmølle og Locus Antikvariat. Sommarstid alle åpne 6 dagar.  Sjå detaljar under Bokutsalg og den enkelte butikk.

Dei tilsette:
Daglig leiar: Solveig Anette Røvik
solveig@bokbyen-skagerrak.no
37 16 40 30 og 41 55 07 78

Prosjektleiar og arrangementsansvarleg: Jan Kløvstad
jan@bokbyen-skagerrak.no
37 16 40 30 og 91 80 82 56

 

Bokmottak

Vi tar gjerne imot bøker, men berre etter førehandsomtale i telefon 37 16 40 30. Vi har, naturleg nok, som mål å halde inngangspartiet i Bokbanken i Wrold Wroldsensgate 2, reint og pent til eikvar tid. Butikken er også forlagskontor, arrangementskontor og sjølvstendig antikvariat der vi vil vise gjestane våre orden og system. Sidan vi stort sett er berre ein på arbeid om gongen er det ikkje alltid like enkelt å både kunne gi maksimal sørvis til besøkande samtidig som vi skal sortere bløker i same lokalet.

Bokbystiftelsen, som har som formål å styrke leseglede og skape liv i nedre bydel, tar imot bøker som gåver. Desse bøkene blir fordelte til alle utsala. Vi går gjennom alle bøker, og ringer opp og tilbyr betaling om det er noen særs verdfulle bøker.

Bøkene må vere heile, reine og utan lukt av verken fukt eller røyk. Bøker som oppriinneleg har hatt vareomslag må ha vareomslag, i alle fall om bøkene er mindre enn 50 år gamle. Om noen har klipt ut eller sladda over eigarnamn på forsatsblad eller andre sider i boka fell boka veldig mykje i ferdig, sjølv om den opprinneleg kunne ha vore interessant å ha.

Erfaringa vår viser at vi får inn veldig mange bøker som er komne ut i store opplag. Dei fleste som vil ha tak i slike bøker kan finne store mengder i nærmaste nabolag i staden for å kjøpe dei hos oss. Sjølv om det ofte er gode forfattarar og godt innhald i bøkene, har vi ikkje sjanse til å ta vare på titals bøker av same tittel. Det same gjeld dessverre også dei fleste leksikon, fagbøker som kjem i stadig nye oppdaterte opplag (som Veien til førerprøven, lærebøker i grunnskole, vidaregåande skole og hefta lærebøker til bruk i universitet og høgskolar). Det Beste-romanar og andre bokklubbøker er det også så mange av at vi ikkje kan kjøpe ekstra lagerplass for å ta vare på enda fleire av dei.

Noen av dei private utsala kjøper enkeltbøker, og vi kan formidle kontakt.

Om du lurer på kva ei bok kan vere verd i utsalspris er det lurt å leite etter boka anten på www.bokby.net eller antikvarbokhandelforeningas nettportal www.antikvariat.net. Der står det både kva stand boka er i, årstal for utgjeving, om det er første eller tiande opplag.

Kontakt oss

Bokbyen ved Skagerrak
Postboks 101
Wrold Wroldsensgt. 2
4902 Tvedestrand
Tlf. 37 16 40 30

post@bokbyen-skagerrak.no

Åpningstider:
Mandag-laurdag heile året 1000-1700 (1500)

Bokbanken og Skagerrak Antikvariat, torsdag-laurdag vinterstid også Familia og Ex Libris, laurdag i tillegg Bjørndahls bokmølle. Sommarstid alle åpne 6 dagar, Bokbanken også søndag. Sjå detaljar under Bokutsalg og den enkelte butikk.

TAKK TIL































''En bokby er fantasi satt ut i praksis. La meg kalle antikvariatene og bokstedene for bokbyens gledeshus: Gleden over bøker, gleden i bøker, gleden av bøker. Når vi åpner dem, åpner de oss. Og som en bokby blir Tvedestrand større enn seg selv.''

Lars Saabye Christensen, åpningstale i Bokbyen ved Skagerrak, 28. juni 2003.

.