Nynorsk Antikvariat åpna i nytt bygg i Bokbyen i dag

Barndomsvennene Knut Hamre og Arne-Ivar Kjerland.

Mange blei med inn i nye bygget.

Barnebarnet Nikolai Solheim klypte snora. Bestefar Arne-Ivar Kjerland og Najima Warsame følgjer med.

Styreleiar Anna Hjeltnes (til høgre) helste frå Bokbyen ved Skagerrak.

Slik såg Holgata 2 ut da det var handel her. Kom og sjå kor fint brødrene Geir og Ole Grimsland har restaurert huset som nå er kjøpt av Nynorsk Antikvariat.

Nynorsk Antikvariat har kjøpt Holgata 2 og åpna i det nye bygget i dag. Arne-Ivar Kjerlands barnebarn Nikolai Solheim klypte snora, styreleiar Anna Hjeltnes helsa frå Bokbyen og meisterspelemannen Knut Hamre spelte slåttar frå Granvin. Nynorsk Antikvariat er snart 30 år, og har vore viktige i Tvedestrand heilt frå starten i Bokbyen ved Skagerrak i 2002-2003. Heile tida har antikvariatet, som er det største i Norge, halde til i Holgata 11. I noen år hadde antikvariatet også lokale litt lenger oppe i Holgata. Men da også tredje høgda i Holgata 11 blei ledig samla antikvarbokhandlar Arne-Ivar Kjerland heile antikvariatet i eitt bygg. Nå i sommar blir det full drift både i Holgata 11 og det nyrestaurerte bygget i Holgata 2. Frå vinteren blir alt samla i Holgata 2, i tre etasjar og med lyse, luftige lokale.

Anna Hjeltnes la vekt på den profesjonalismen og samarbeidsånda Arne-Ivar Kjerkland bidrar med i bokbyen, og Knut Hamre spelte slåttar både av Kjerlands eigen oldefar og andre spelemenn frå heimbygda Granvin.

Søk i artikler

Kontakt oss

Bokbyen ved Skagerrak
Postboks 101
Wrold Wroldsensgt. 2
4902 Tvedestrand
Tlf. 37 16 40 30

post@bokbyen-skagerrak.no

Åpningstider:
Mandag-laurdag heile året 1000-1700 (1500)

Bokbanken og Skagerrak Antikvariat, torsdag-laurdag vinterstid også Familia og Ex Libris, laurdag i tillegg Bjørndahls bokmølle. Sommarstid alle åpne 6 dagar, Bokbanken også søndag. Sjå detaljar under Bokutsalg og den enkelte butikk.

TAKK TIL































''En bokby er fantasi satt ut i praksis. La meg kalle antikvariatene og bokstedene for bokbyens gledeshus: Gleden over bøker, gleden i bøker, gleden av bøker. Når vi åpner dem, åpner de oss. Og som en bokby blir Tvedestrand større enn seg selv.''

Lars Saabye Christensen, åpningstale i Bokbyen ved Skagerrak, 28. juni 2003.

.