Kristin Sørsdal om menneske på flukt

Kristin Sørsdal om Grensa i bokbyen

Kristin Sørsdal engasjerte både flyktningar frå Syria og Eritrea, lokale tilhøyrarar, litteraturinteresserte folkeakaemimedlemmer frå Farsund i vest, Valle i nord og Åmli og Tvedestrand i aust i Bokbyen ved Skagerrak fredag. Sørsdal heldt foredrag om sakprosaboka Grensa av italienske Allessando Leogrande om flukten over Middelhavet, og dei ufattelege opplevingane flyktningane blir utsette for. Boka er eit skremmande bevis på den forferdelege og dødelege menneskehandelen og torturen som kjer like utanfor det som er vår og Europas felles yttergrense.  Etter foredraget var det spørsmål og utfyllande kommentarar frå eritreiske og syriske flyktningar som har kome seg gjennom dette helvetet og nå bur trygt i Tvedestrand. Kristin Sørsdal har både omsett Leograndes viktige bok, skrive romanen Mare om situasjonen på Lampedusa – og nyleg fått kritikarprisen for omsetjingane av Elena Ferrante-bøkene.

Ho kjem tilbake til bokbyen under den store litteraturfestivalen Bokstavelig Talt 5.-7. mai, i ein samtale med bokbyens Anita Thorbjørnsen om både romanen Mare og Elena Ferrantebøkene.

Bokbyen ved Skkagerrak takkar Norsk Forfattarsentrums medlemsfond for støtte til arrangementet.

 

Hbri Ftwi frå Eritrea fortalte om fluktruta han brukte frå Eritrea til Tvedestrand. På bildet er også folkeakademiutsendingar frå Kristiansand, Vennesla, fylkesstyret, Kristiansand, Åmli og flyktningar frå Syria og Eritrea.

Solomon Asmel Ghebrelaise og Kristin Sørsdal med boka Grensa i bokbyen. Bak til venstre Yosyef Tesfay.

Kristin Sørdal signerer

 

 

 

Kristin Sørsdal til høgre og tilhøyrarar frå venstre er Inger Johanne Johnsen, Folkakademiet Holt og Bokbyen ved Skagerrak, Yosyef Tesfay, Solomon Asmel Ghebrelaise, Aud og Svein Olsbu frå Folkeakademiet Arendal

 

Kristin Sørsdal signerte både Grensa og Mare i bokbyen.

 

 

Søk i artikler

Kontakt oss

Bokbyen ved Skagerrak
Postboks 101
Wrold Wroldsensgt. 2
4902 Tvedestrand
Tlf. 37 16 40 30

post@bokbyen-skagerrak.no

Åpningstider:
Mandag-lørdag hele året
kl. 10.00-16.00 (15.00)

For åpningstider øvrige utsalg, se detaljer under Antikvariat.

TAKK TIL































''En bokby er fantasi satt ut i praksis. La meg kalle antikvariatene og bokstedene for bokbyens gledeshus: Gleden over bøker, gleden i bøker, gleden av bøker. Når vi åpner dem, åpner de oss. Og som en bokby blir Tvedestrand større enn seg selv.''

Lars Saabye Christensen, åpningstale i Bokbyen ved Skagerrak, 28. juni 2003.

.