Kristin Sørsdal om flukt over havet

Hør Kristin Sørsdal, oversettaren av de berømte Elena Ferrante-bøkene i Tvedestrand rådhus fredag 17. mars kl 1800. Kristin Sørsdal skal snakke om  om italienske Alessandro Leograndes Grensa og sin eigen nye roman Mare. Begge bøkene er om menneske på flukt.

Oversettar Kristin Sørsdal Foto Aslaug Eide – Samlaget

I Mare (Samlaget) utforskar Kristin Sørsdal maktesløysa enkeltmenneske kan føle i vår tids store konfliktar, frustrasjonen over å vere på den heldige sida av grensa, sinnet over å kjenne seg innestengd bak den grensa.

I Grensa (CappelenDamm) tar Leogrande oss med om bord på skipa under operasjon Mare Nostrum, han hentar ord opp frå den djupe havbotnen der dei har kilt seg fast og er skjulte. Han lar oss bli kjende med smuglarar, barne-båtførarar, og med historiene til dei overlevande etter båtforlisa i Middelhavet utanfor Lampedusa. Han set ord på det ubeskrivelege svarte hòlet der rettferda i samfunnet og samvitet vårt kvar dag går under.

Arrangementet er eit samarbeid mellom bokbyen og Holt Folkeakademi. Bokbyen er lokallag i Folkeakademias Landsforbund.

Kr 100/kr 75 for bokbymedlemmer

 
Mare
Solveig går i land på øya som er Europas siste utpost før Afrika. Ho sym tusenmeter på tusenmeter i det krystallklare

Romanen Mare kjem i februar.

vatnet. For nokre få år sidan gjekk ein båt ned her, åtte hundre meter ut i havet. 368 menneske drukna. Har Solveig eit morbid ønske om å symje blant døde sjeler eller eit oppriktig ønske om å skjøne lidinga til dei som kjem over havet? Og kvar er eigentleg alle flyktningane og migrantane som avisene fløymer over av?

På den libyske sida av havet gjer ein gut seg klar til å reise. Draumen hans er å reise med eit stort passasjerskip over havet, og deretter ta toget strake vegen til faren, som er i byen dei kallar Bodo. Overfarten byrjar ei natt under stjernehimmelen medan guten leiter etter Kassiopeia mot nord.

Mare utforskar maktesløysa enkeltmenneske kan føle i vår tids store konfliktar, frustrasjonen over å vere på den heldige sida av grensa, sinnet over å kjenne seg innestengd bak den grensa.

Grensa

Allessandro Leogrande tar oss med om bord på skipa under operasjon Mare Nostrum, han hentar ord opp frå den djupe havbotnen der dei har kilt seg fast og er skjulte. Han lar oss bli kjende med smuglarar, barne-båtførarar, og med historiene til dei overlevande etter båtforlisa i Middelhavet utanfor Lampedusa. Han set ord på det ubeskrivelege svarte hòlet der rettferda i samfunnet og samvitet vårt kvar dag går under.
Kristin Sørsdal (f. 1966) er frå Tromøya utanfor Arendal. Sørsdal er forfattar og omsettar, og debuterte i 2010 med Makabre bikkjer. Ho er master i italiensk og har i mange år arbeidd som lærar i norsk for flyktningar og innvandrarar. Mare (2017) er den tredje boka hennar.

Sørsdal omset bøkene til Elena Ferrante til norsk

Allessandro Leogrande Foto CappelenDamm

Alessandro Leogrande

Alessandro Leogrande er fødd i Taranto i 1977. Han er nestleiar for det månadlege tidsskriftet ”Lo straniero” og samarbeider med diverse andre aviser og tidsskrift. Han har gitt ut mange bøker, blant anna Uomini e caporali, om utnyttinga av utanlandske landarbeidarar, og – med Feltrinelli – Il naufragio, som teaterstykket Käter i Rädes byggar på.

 

Søk i artikler

Kontakt oss

Bokbyen ved Skagerrak
Postboks 101
Wrold Wroldsensgt. 2
4902 Tvedestrand
Tlf. 37 16 40 30

post@bokbyen-skagerrak.no

Åpningstider:
Mandag-lørdag hele året
kl. 10.00-16.00 (15.00)

For åpningstider øvrige utsalg, se detaljer under Antikvariat.

TAKK TIL































''En bokby er fantasi satt ut i praksis. La meg kalle antikvariatene og bokstedene for bokbyens gledeshus: Gleden over bøker, gleden i bøker, gleden av bøker. Når vi åpner dem, åpner de oss. Og som en bokby blir Tvedestrand større enn seg selv.''

Lars Saabye Christensen, åpningstale i Bokbyen ved Skagerrak, 28. juni 2003.

.