
Sjeldan har folk ledd så godt som i fullsette store konferansesalen på bokhotellet Lyngørporten søndag ettermiddag.
Jonas Line og Øystein Bjørløw las, song, gestikulerte og fortalte frå alle fire bøkene sine og Sigmund Messel spelte på heile registeret frå gamal og ny Frolandshumor, sortering av gode og onde ting i livet, korleis finne vegen i mørke Frolands-skauar og spissfindige og treffande kommentarar. Dette var humor av høg klasse, noe dei nesten 60 tilhøyrarane høglydt viste at dei sette pris på!