Gratulerer, Hege Boman Grundekjøn

Hege Boman Grundekjøn blir heidra både i Latvia og Estland i mai. Bokbyen gratulerer!

Hege Boman Grundekjøn får den høgaste orden det er mogleg å få i Latvia, Cross of Recognition. Ho får den gjeve ordenen overrakt av president Raimonds Vējonis i Riga 18. mai. Hege, som vi også er så heldige å ha som styremedlem i Bokbyen Drift AS, får denne heideren for meir enn 25 år med aktivt og grundig arbeid for Latvia, latvisk kultur og latvisk-norske samarbeidstiltak. Blant dei mange sakene ho har arbeidd med er finansiering til renovering av delar av det flotte nasjonalmuseet for kunst i Riga, der ein av utstillingssalene blei oppkalt etter henne i 2001. Ho har gitt ut boka «Latvia med Knut Hamsun og Kārlis Padegs» (2009) og nå i vinter kom den innhaldsrike og svært interessante «Norge-Baltikum – fra kulde til varme» på Gaveca Forlag i Arendal. Denne boka er eit vitnemål om langvarig og langsiktig byggande arbeid i og for alle tre baltiske landa. Det er også vel fortent at Hege Boman Grundekjøn får den høgthengande medaljen The Medal of Merit i Tallinn 18. mai. Også der er det langvarig arbeid som er grunngjevinga, med blant anna det viktige engasjementet for å ta vare på minna om at den estiske eksilregjeringa blei formalisert i Oslo i 1953.

Hege har vore ein aktiv regionkontakt for Norsk Faglitterære forfatter- og oversetterforening i fleire år, og ho har både vore programleiarfor Bokbyen ved Skagerrak og nå styremeldem i Bokbyen Drift, på vegner av den faglitterære forfattarforeininga. Ho er også medredaktør i tidsskriftet Estlands-Nytt, styremedlem i både den norsk-estiske og den norsk-latviske foreninga og styreleiar i Stiftelsen Kristiansand Kanonmuseum.

Vi gleder oss med Hege. Denne heideren er fortent. Og: – les den nye boka hennes. Den er til å få både kunnskap og glede av.

 

Søk i artikler

Kontakt oss

Bokbyen ved Skagerrak
Postboks 101
Wrold Wroldsensgt. 2
4902 Tvedestrand
Tlf. 37 16 40 30

post@bokbyen-skagerrak.no

Åpningstider:
Mandag-laurdag heile året 1000-1700 (1500)

Bokbanken og Skagerrak Antikvariat, torsdag-laurdag vinterstid også Familia og Ex Libris, laurdag i tillegg Bjørndahls bokmølle. Sommarstid alle åpne 6 dagar, Bokbanken også søndag. Sjå detaljar under Bokutsalg og den enkelte butikk.

TAKK TIL































''En bokby er fantasi satt ut i praksis. La meg kalle antikvariatene og bokstedene for bokbyens gledeshus: Gleden over bøker, gleden i bøker, gleden av bøker. Når vi åpner dem, åpner de oss. Og som en bokby blir Tvedestrand større enn seg selv.''

Lars Saabye Christensen, åpningstale i Bokbyen ved Skagerrak, 28. juni 2003.

.