Brenner og Rem om Bjørneboe, Hamsuns møte med Hitler – og om kong Olav

Hans Olav Brenner.

Tore Rem

Som dei aller første fekk dei frammøtte i Museumshaven laurdag kveld fekk høyre Tore Rem lese frå den komande biografien om kong Olav. Tore Rem har arbeidsplass på slottet mens han arbeider med biografien, og han har fått frie hender frå kongefamilien. I samtale med Hans Olav Brenner fortalte han om viktige dokument og brev han har fått tilgang til, om dei mange breva frå kongen som er brent – og om ein folkekonge som både var veldig mykje omtalt i fjernsyn, radio og aviser landet rundt, samtidig som han verna om familien og det private. Dei ni åra Sonja og kronprins Harald var saman utan at dei fekk lov til å forlove seg, vil sjølvsagt også vere ein del av bildet av kongen. – Kong Olav var ei barn av si tid, og i det spørsmålet truleg enda meir eit barn av tida før si eiga tid, sa Tore Rem.

Hans Olav Brenner og Toe Rem i samtale om biografier.

Det var Hans Olav Brenner som hadde tatt med seg Tore Rem til bokbyen. Som samtaleleiar lokkar Brenner fram det viktige utan å bruke for store ord, utan å dominere ein samtale. Det er den han samtaler med som er hovudpersonen. Samtidig forstår vi som tilhøyrarar at Hans Olav Brenner både er svært godt førebudd og at han veit uendeleg mykje meir enn det han seier i spørsmåla sine. I tillegg til at han styrer samtalepartnaren inn i dei viktige spørsmåla, gir han også samtalen ei framdrift og ei ro som gjer oss til reflekterte lyttarar.

Engasjerte lyttarar i sommarkvelden i Museumshaven.

Samtalen om Bjørneboe, Hamsuns reise til Hitler og om den komande kongebiografien baud på refleksjonar om kva som er viktig, kva som ikkje er viktig, oppbygginga av ein biografi, dei mange vala som må takast undervegs, og det enorme kjeldearbeidet som ligg bak ein god biografi.

Kvar laurdag kl 0903 framover i NRK P2 har Hans Olav Brenner samtalar om sakprosa. Det er verd å lytte også til dei samtalane.

 

Søk i artikler

Kontakt oss

Bokbyen ved Skagerrak
Postboks 101
Wrold Wroldsensgt. 2
4902 Tvedestrand
Tlf. 37 16 40 30

post@bokbyen-skagerrak.no

Åpningstider:
Mandag-laurdag heile året 1000-1700 (1500)

Bokbanken og Skagerrak Antikvariat, torsdag-laurdag vinterstid også Familia og Ex Libris, laurdag i tillegg Bjørndahls bokmølle. Sommarstid alle åpne 6 dagar, Bokbanken også søndag. Sjå detaljar under Bokutsalg og den enkelte butikk.

TAKK TIL































''En bokby er fantasi satt ut i praksis. La meg kalle antikvariatene og bokstedene for bokbyens gledeshus: Gleden over bøker, gleden i bøker, gleden av bøker. Når vi åpner dem, åpner de oss. Og som en bokby blir Tvedestrand større enn seg selv.''

Lars Saabye Christensen, åpningstale i Bokbyen ved Skagerrak, 28. juni 2003.

.