Bokbyen/Holt folkeakademi var vertskap for årsmøtet i Agder Folkeakademi

Årsmøtedeltakarane i folkeakademia i Agder fekk omvisning i bokbyen fredag kveld.

Kristin Sørsdal til høgre og tilhøyrarar frå venstre er Inger Johanne Johnsen, Folkeakademiet Holt og Bokbyen ved Skagerrak, Yousyef Tesfay, Solomon Asmel Ghebrelaise, Aud og Svein Olsbu frå Folkeakdemiet Arendal

Hbri Ftwi frå Eritrea fortalte om fluktruta han brukte frå Eritrea til Tvedestrand. På bildet er også folkeakademiutsendingar frå Kristiansand, Vennesla, fylkesstyret, Kristiansand, Åmli og flyktningar frå Syria og Eritrea.

Dagleg leiar i Folkeakademiet Agder Ingvar Kolnes, leiar i distriktsstyret Berit Junge Henriksen og generalsekretær Pål Djuve på båttur.

Inger Johanne Henriksen, Holt, Tor Steinar Fromreide, Farsund og Lista, fylkesstyremedlem Roald Eistabland og Olav Eivindsson, Vennesla

Stor aktivitet i Agder Folkeakemi: 20 092 menneske har vore med på 386 program i regi av folkeakademia i Agder i 2016. Vennesla toppar publikumsstatistikken med 4016 frammøtte foran Holt Folkeakademi/Bokbyen ved Skagerrak med 3539. Alle folkeakademia har hatt stor glede av dei godt planlagte turnéane dagleg leiar Ingvar Kolnes tilbyr. Tilsaman har Kolnes organisert 13 turnéprogram med 3746 frammøtte. Økonomien i Folkeakademiet Agder er solid, ikkje minst takk vere at mangeårig praksis som turnéarrangør på høgt kvalitetsnivå har gitt akademiet mange oppdrag for Vest-Agder fylkeskommune og Kristiansand kommune.

Leiar i distriktsstyret, Berit Junge Henriksen, kunne derfor med rette vere stolt over aktiviteten da ho ønskte velkomen til distriktsårsmøte med Holt Folkeakademi/Bokbyen ved Skagerrak som vertskap i Tvedestrand sentrum og på Bokhotellet Lyngørporten.

Menneske på flukt

Årsmøtet starta med litteraturkveld med omsetjaren Kristin Sørsdal i bokbyen i Tvedestrand. Sørsdal heldt foredrag om sakprosaboka Grensa av italienske Allessando Leogrande om flukten over Middelhavet, og dei ufattelege opplevingane flyktningane blir utsette for. Etter foredraget var det spørsmål og utfyllande kommentarar frå eritreiske og syriske flyktningar som har kome seg gjennom dette helvetet og nå bur trygt i Tvedestrand.

Årsmøtet på bokhotellet

Berit Junge Henriksen og Ingvar Kolnes gjekk gjennom årsmelding, rekneskap og budsjett og så godt som alle årsmøtedeltakarane hadde ordet i livleg og konstruktiv erfaringsutveksling og diskusjonar om arbeidsplan for 2017 og det gode samarbeidet mellom distriktslaget og lokallaga. Distriktsstyret blei attvalt, med unnatak av Sigrid Nesland, Åmli, som hadde bedt om avløysing ig ble erstatta av Ronny Stavholt, Valle. I fylkesstyret sit nå leiar Berit Junge Henriksen, Valle, Roald Einstabland, Vennesla, Theis M. Theisen, Farsud og Lista, Jan Kløvstad, Holt og Ronny Stavholt.

Generalsekretær Pål Djuve losa forsamlinga gjennom opplegget ”Å drive eit folkeakademi”, også her med mange konstruktive innspel. Dei lokale folkeakademia i Agder driv forskjellig. Noen få er reine lokale medlemsorganisasjonar, noen (som Arendal) er eit samarbeidsorgan mellom kollektive medlemer, noen er bygt på éin annan organisasjon som i Tvedestrand og Kristiansand, og alle har breidt samarbeid lokalt.

Årsmøtet blei avslutta med båttur i skjærgarden ved Lyngør,med orientering om natur, lokalhistorie, det tragiske slaget da Najaden blei senka i 1812, sel-safari og vandring i Europas best bevarte tettstad.

Jan Kløvstad, sekretær i Holt folkeakademi og prosjektleiar i Bokbyen ved Skagerrak.

 

 

Søk i artikler

Kontakt oss

Bokbyen ved Skagerrak
Postboks 101
Wrold Wroldsensgt. 2
4902 Tvedestrand
Tlf. 37 16 40 30

post@bokbyen-skagerrak.no

Åpningstider:
Mandag-lørdag hele året
kl. 10.00-16.00 (15.00)

For åpningstider øvrige utsalg, se detaljer under Antikvariat.

TAKK TIL































''En bokby er fantasi satt ut i praksis. La meg kalle antikvariatene og bokstedene for bokbyens gledeshus: Gleden over bøker, gleden i bøker, gleden av bøker. Når vi åpner dem, åpner de oss. Og som en bokby blir Tvedestrand større enn seg selv.''

Lars Saabye Christensen, åpningstale i Bokbyen ved Skagerrak, 28. juni 2003.

.